Basar 6. mars

Søndag 6. mars er bygdefolk og tilreisande igjen invitert til basar og sosialt samkome i «storstova» i bygda vår, Breimshallen. Målet er å lage til ein triveleg ettermiddag der folk kan kome saman, få god underholdning, (nesten) ubegrensa med kaffi og kaker, og ikkje minst knakande god basarstemning med fantastiske gevinstar. 

Basaren startar kl 15:00

Program:

  • Breim og Sandane skulemusikk. 
  • Gloppen Janitsjar
  • Breimskoret

Inntekta på basaren vil bli brukt til å ferdigfinansiere det nye kjøkkenet, og for å realisere anna nødvendig restaurering og oppussing. Så er du med og støttar basaren, vil du også vere med på å halde ei velstelt «storstove» til glede for alle i bygda.

FANTASTISK RESPONS PÅ BASAREN

Komitèen som har arbeidd med basaren til inntekt for Breimshallen og nytt kjøkken har møtt ein overveldande positiv respons. Absolutt alle som har vorte spurd, enten det har vore snakk om gevinstar, eller å gjere ein innsats, har vore berre positive. Styret i Breimshallen set enormt pris på dette, og kan garantere at inntektene som kjem inn vil verte brukt på ein fornuftig måte, enten det er til det store løftet med nytt kjøkken, eller andre nødvendige tiltak for å halde eit velfungerande hus.

Vegar

View more posts from this author